Opprinnelsen

Den opprinnnlige logoen blei tegna tilbake på 60-tallet ein gong. Den er lika enkel og rein som naturen som omringer dalen vår. T-skjorta Ove har på seg på biletet var eigentleg tanta hans, Tone, sin. Ho hadde sydd logoen midt på brystet.

Rekonstruksjonen

Arbeidet med å rekonstruere den orginale logoen tok ikkje alt for lang tid, seier Ove. Eg pusler med grafisk design rett som det er. Eg måtte ta nokon fargeval sidan eg ikkje hadde den orginale fargekoden. Den orginale logoen såg ut til å være svart og raud. Det var litt veiskilt, så eg mjuka den opp med en djup blåfarge. Eg valte samme fargekode som benyttes i det norske flagget, og då tok eg like godt og benytta tilhørande raudfarge.

 

Modernisering

Inspirert av det norske flagget tok det ikkje lang tid før idéene kom, seier Ove. Kva om eg kunne flette inn det norske flagget uten å gjere for store endringar. Etter litt prøving og feiling endte eg opp med å endre den raude rama rundt til eit raudt, kvitt og blått "bånd". Eg syntes det blei betre, men logoen skulle gjerne hatt litt mer substans. Eg tenkte; fjella har åpenbart prega idrettslaget gjennom åra. Eg gjekk sjølv over Tveitafjellet og Åsheimveten for ei veke sidan. Kva om eg fant siluetten av begge toppane og gjorde det til ein del av logoen? Eg åpna maps.google.com, skreiv inn Hosanger i 3D og plasserte "kamera" over Hoshovdestølen og peikte det østover og opp.

 

 

Eg la ein skjemdump frå Google Maps bak logoen og teikna linja som viser siluetten av dei to vakre fjelltoppane. Deretter var det berre å fylle området under med ein farge og plassere ein varde på dei to høgaste punkta, og vips så var den nye logoen der. Krona på verket var å legge inn stiftelsesåret 1936.

 

 

Sjå alle designfasane i vedlagt PDF under.