Planane med å få fast løpedekke på Fotlandsvåg Arena har starta. Fyrste spadetak er tatt mot å få eit komplett idrottsanlegg i Fotlandsvåg.

Støtt prosjektet

For å få realisert prosjektet treng me din hjelp ved at du kjøpar ein andel av bana til 500kr. Eit oversiktsbilete av bana med namna til kjøparane vil bli montert på klubbhuset.

  • Vipps til 521313 (Fotlandsvåg IL)
  • eller bruk kontonr: 3632.55.90224 med namnet ditt eller til den du ynskjar skal stå på oversiktsbilete :)
  • Kontaktinfo for bedriftar: mkaastad@outlook.com | 92262185 

Hugs at du kan kjøpa til heile familien.

Info om oppgraderinga

  • 4 banar på 363m (tilsvarar 1 runde), 6 banar på bortre langside (100m)
  • Fast dekke mellom banene og kunstgraset
  • Varmekablar 200m i 2 banar
  • Volleyballbane
  • 2 nye vaffeljern med antistikkoverflate

Planlagt

  • Nytt redskapshus
  • Fotballtennis
  • Treningsapparat

Arbeidet er planlagt ferdig hausten 2021 og med vonar på ei flott opning. 

Les meir om prosjektet her