Dato: Me må diverre avlyse Kossdalssvingane Opp inntil vidare. Årsak er at vegen er rast ut litt nedan for svingane. Det er mogleg å passera, men ikkje forsvarleg å arrangera Kossdalssvingane Opp før vegen blir ordna. (07.5.2021)

Påmelding: Påmelding ved start.
Startområde: Kossdalsvingane, Kossdalen.
Kontaktperson: Øystein Øvsthus, 952 20 456

Start turklasse: 18.30 – 18:45
Start konkurranseklasse: 

  • born/unge under 16 år: kl 19.00
  • vaksne: kl 19.10

Pris: Born 20,- Vaksne  50,- (foreldre m.born u.16 år)

Løype:

700m – høgdeforskjell ca 120m

Motbakkesprint. Grusveg (17 svinger)

Kossdalsvegen er ein verna vegstrekning, som går frå Hosanger til Svenheim. Vegen vart bygd på pliktarbeide frå grunneigarene rundt århundreskiftet.

Løyperekordar

Menn: Per Harald Havnen Johansen - 03.22 (2016)
Kvinner: Vigdis Reigstad  - 04.08 (2015)

Tilkomst frå Hosanger

Parkering ved Hosanger Montesorrieskule, Hosanger (Ta av frå sentrum i Hosanger og kjør mot Åsheim) Frå parkeringsplassen er det ca 2 km ++ til Kossdasvingane og start for løpet Kossdalssvingane Opp.
Det er grusveg fram til start, men ingen veglys, så det er viktig å hugsa lykt. Faklar vil verta sett opp for å visa rett veg, og Kossdalen er trolsk og stemningsfull.

Parkering

Ved Mjøs Metallvarefabrikk A/S (ta av frå sentrum i Hosanger og køyr mot Åsheim) Frå parkeringsplassen er det ca 3 km til Kossdalssvingane og start for løpet Kossdalssvingane Opp.

Tilkomst frå Svenheim

På Svenheim er det pakreringsmuligheter like ved toppen av Kossdalssvingane. (Når du har tatt av frå Fitje fyljer du vegen heilt til topps). Parker på parkeringsplassen ved vegen til Kossdalsvingane eller køyr 100 meter til og parker ved Svenheim Møbelfabrikk. Frå parkeringsplassen er det ca 200 meter å gå til målområdet for Kossdalsvingane, og ca 700 meter å gå nedover svingane til du er ved start. Svingane vil vera opplyst med fakkler, men det vil allikevel vera naudsynt med lykt for alle deltakar.

Løpet startar ved innerste del av Kossdalsvegen og går til toppen av dei 17 kossdalssvingane som slynger seg opp eit bratt skar. Heile løypa er ca 700 m (230 meter frå start til første svingen). Høgdeforskjell frå start til mål ca 120 m. Grusveg.

Kiosk

Me lagar bål og serverar varm gløgg og saft i målområdet. Pølser spidda på bål til borna.

Premiering

  • Premiering i konkuranseklassen.
  • Premier trekkes ut blandt deltakerene i turklassen, og alle born som tek turen vil få ein liten oppmerksomhet.
  • Kom og ver med på eit stemningsfult og spanande arrangement!

 


@jannickebosaaen

Resultater

Resultatlister Kossdalssvingane Opp 2004 - 2012