Mjøsdalen I.L. vart oppretta 22.november 1936. Hovudaktivitet har vore friidrett, men i tillegg til løp på bane er våre medlemar aktive på motbakkeløp, mosjonsløp, trialthon og sykkel. Fokus er på aktivitet og sosialt samvær, men saman med kvalitet på treninsøktene vert dette også ei god oppskrift for å lukkast i konkurransesamanheng. Mjøsdalen I.L. har tradisjonelt sett femna om bygdene Hosanger, Fotlandsvåg, Bysheim og Tysse på Osterøy. Men me har også mange aktive medlemar frå andre krinsar på Osterøy og ikringligjande kommuner.

Flaggskipet vårt er sumarkarusellen Holavatnet rundt som har vore arrangert kvart år sidan 1983. Karusellen tek til i april og går kvar onsdag i sumarhalvåret fram til september månad. Dvs ca 20 løp i året. Dei siste åra har me i snitt hatt ca 130 deltakar pr løp. Tradisjonsrike røter har også Tveitafjellet opp som arrangeres i mai, løpet går heilt tilbake til 1971 då som fjelløpet Tveitafjellet Over. Fom 2006 vart løpet eit reint motbakkeløp med målgang på Setnipa, Tveitafjellet. Faste arrangement er også Kossdalssvingane Opp i november og Åsheimveten Opp i september.

Styret

Leiar: Øystein Øvsthus
Kasserar: Frode Fossdal
Styremedlem: Karina Tysse
Styremedlem: Jan Roald Hanstvedt
Styremedlem: Kari Neu-Bysheim
Varamedlem: Ola Tveiten
 

Oppmenn

Gutar/jenter: Jan Roald Hanstvedt
Senior: Øystein Øvsthus
Veteran: Øystein Øvsthus
Veteran kvinner: Ragnhild Hanstvedt

Idrettsmerke: Birger Hanstveit

Idrettsråd: Victoria Mjelde Hanstveit

Valkomite: Randi Nordås og Aksel Øvsthus

Grendaråd: Aksel Øvsthus


Medlemspengar

Familie kr 300,-
Vaksne kr 200,-
Born kr 100,-
Bankgiro: 3633.32.51757

Grasrotandel

Mjøsdalen I.L er registrert med organisasjonsnr   993 803 189,
oppgi dette nummer når du tipper eller spelar lotto og 5 % av innsatsen går til idrettslaget