Kossdalssvingane Opp

Dato:              Fredag 3. november 2017
Løp:               Motbakkesprint
Løype:           Grusveg (17 svinger) – distanse ca 700 m – høgdeforskjell ca 120 m
Start:             Turklasse: 18.30 – 18:45
Konkuranseklasse: Born/unge under 16 år kl: 19:00 og vaksne kl 19:10

Påmelding ved start, born kr 20 og vaksne kr 50

Kossdalsvegen
Kossdalsvegen er ein verna vegstrekning, som går frå Hosanger til Svenheim. Vegen vart bygd på pliktarbeide frå grunneigarene rundt århundreskiftet.

Tilkomst til vegen frå Hosanger eller Svenheim. Ca 24 min køyring frå ferje Breisten – Valestrand eller frå Kvisti Bru. Køyr til Lonevåg, der tek du vegen beint fram mot Hosanger, eller ta av mot høyre til Fitje, der du tar av på ny til Svendheim.

Tilkomst frå Hosanger:
Parkering ved Mjøs Metallvarefabrikk, Hosanger (Ta t.h. i sentrum av Hosanger og kjør ca 500- 600 m innover til du ser fabrikken ) Frå parkeringsplassen er det skilta innover mot Kossdalsvegen. Det er derfra ca 2,5  km til Kossdasvingane og start for løpet Kossdalssvingane Opp. Vegen er merka med fakler.
Det er grusveg fram til start, og ingen veglys, så det er viktig å hugsa lykt. Anbefaler å gå denne ruta innover Kossdalen, dersom du har tid. Kossdalen er trolsk og vakker i fakkellyset.

Tilkomst frå Svenheim:
På Svenheim er det pakreringsmuligheter like ved toppen av Kossdalssvingane. (Når du har tatt av frå Fitje fyljer du vegen heilt til topps). Parker på parkeringsplassen ved vegen til Kossdalsvingane eller køyr 100 meter til og parker ved Svenheim Møbelfabrikk. Frå parkeringsplassen er det ca 200 meter å gå til målområdet for Kossdalsvingane, og ca 700 meter å gå nedover svingane til du er ved start. Svingane vil vera opplyst med fakkler, men det vil allikevel vera naudsynt med lykt for alle deltakar.

Løpet startar ved innerste del av Kossdalsvegen og går til toppen av dei 17 kossdalssvingane som slynger seg opp eit bratt skar. Heile løypa er ca 700 m (230 meter frå start til første svingen). Høgdeforskjell frå start til mål ca 120 m. Grusveg.

Bål:
Vi lager bål og serverer varm gløgg og saft i målområdet. Pølser spidda på bål til borna.

Premiering:
Premiering i konkuranseklassen.
Premier trekkes ut blandt deltakerene i turklassen, og alle born som tek turen vil få ein liten oppmerksomhet,

Kom og vær med på eit stemningsfult og spannande arrangement!

Ynskjer du meir informasjon, kontakt Mjøsdalen IL – Kontaktperson: Øystein Øvsthus 95 22 04 56

Resultat alle år 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *