Kategoriarkiv: Uncategorized

Holavatnet Rundt – løp 13 – 04.07.2018

Bård Raknes (bilde t.v.) var kveldens raskeste med tida 11,23, deretter fulgte Kjetil Stokke 11,46 og Øyvind Bjørsvik 11,51. 
I damekaklassen var Victoria Mjelde Hanstveit raskest men tida 14,20, føre Mariann Kallekleiv 15,02 og Tuva Raknes 16,01.

Totalt 74 deltakarar på kveldens løp. Resultat og deltakerliste

Kveldens løp var det siste før sumarferien. Neste løp vert onsdag 15. august 2018.
God sommer!

Start konkurranseklasse
Familen Haukøy varmer opp.  Jon Anders (13 år) først i mål av trekløveret med fine 12,17. 

Victoria var først i mål av damene, med personleg årsbeste tid, og med god drahjelp frå sambuar Martin (t.h.). Bak Bård Storebø.

Trine tok seg av vaffel- og issalget i dag.

Holavatnet Rundt – løp 12 – 27.06.2018

Nok ein gang var det Hanstveitfamilien som var raskest både i dame og herreklassen. Øystein Hanstveit (bilde t.v.) løp  inn til siger med tida 11,43. Like bak fulgte Jan Roar Solberg 11,48. Brage Hanstveit 3. mann i mål med 13,13.
I dameklassen var Victoria Mjelde Hanstveit raskest med 14,28. Deretter fulgte Maren Nordås Øvsthus 14,45 og Mariell Kallekleiv 14,46.

Totalt 100 deltakarar på kveldens løp. Resultat og deltaker lister
Bilder frå løpet og stevnet på skuleplassen (Resultat frå stevnet kommer)
Spreke jenter. f.v Maren N. Øvsthus, Victoria M. Hanstveit, Evelyn V. Lone og Mariell Kallekleiv. 
God spredning i alder på kveldels stevne frå 4 til 92. Her ser med Audun Hellenvang i aksjon i kuleringen.  Ragnhild Hanstveit og Sjur Neu Bysheim venter på tur.

 

Holavatnet Rundt – løp 11 -20.06.2018

Nytt godt løp av  Anna og Emma Hanstveit. Dei fekk begge tida 11,41 som er årsbeste tid for jentene. Emma tangerer med dette løpet sin pers frå 2017, medan Anna har ein pers på 11,40 frå 2017. Tida holdt også til siger i dagens løp. 
Bak jentene fulgte Bjarte Vik 11,46, Øystein Hanstveit 12,15 og Bjørn Helge Kleppe 12,52. Fine forhold på kveldens løp.
Totalt 67 deltakarar. Resultat og deltakerliste

Holavatnet Rundt – løp 9 – 7 juni 2018

Sumarvarmen varer ved, og det var fine forhold under kveldes løp.
Raskest var Håvard Mandelid Kleppe med 11,58, føre Øystein Hanstveit 12,09 og Simen Øksnes 12,34. Flott løp også av Leon Kallekleiv (13) som sette ny pers på 12,57. Både Leon og Håvard hadde vore på sprinttrening før løpet, så dette er spreke gutter. Raskeste jente Margrete N. Fjellskålnes 17,42. 
Totalt 92 deltakarar på kveldens løp. Resultat og deltakerliste.

Holavatnet Rundt – Løp 8 – 23.05.2+18

Nydeleg sumarvær, sydenvarme i luft og i vann gjorde nok at mange prioriterte badelivet denne kvelden. Men 57 personer tok turen rundt vatnet og av dei løp 6 tøffinger på tid i varmen. Raskest var Øystein Hanstveit med tida 12,17, føre Ove Bernes 14,25 og Rune Gjerstad 14,43

Deltakerliste løp 8 finn du på same liste som deltakerliste løp 9.

NAMN Antall ganger 30.mai   Årsbeste
HANSTVEIT ØYSTEIN 5,00 12,17   12,03
BERNES OVE 1,00 14,25   14,25
GJERSTAD RUNE 5,00 14,43   13,31
HAVNÅS STIAN 6,00 15,18   14,49
ROSNES TERJE 6,00 15,50   15,12
ØVSTHUS AKSEL 7,00 17,42   13,27

Holavatnet Rundt – løp 3 – 23.05.2018

Rune Gjerstad raskest i dag med 13,15, men berre to sekunder bak fulgte klubbkameratane i Mjøsdalen IL, Aksel Øvsthus og Mats Neu begge med tida 13,17, så her var det kamp heilt til målstreken.
Totalt 87 deltakere på kveldens løp. 
Sjå alle resultat og deltakerliste.

Bilde t.v. arkivfoto av Rune Gjerstad frå 2013. Rune har kanskje litt mindre hår no, men rask er han fortsatt.