Forfatterarkiv: admin

Torbjørn Ludvigsen vinner Tveitafjellet Opp 2018

 

Dei tre raskeste menn og kvinner; f.v. Erland Eldrup (2), Torbjørn Ludviksen (1), Andreas Søfteland (3), Emma Hanstveit (2), Anita Iversen Lilleskare (1), Anna Hanstveit (3)

Torbjørn Ludvigsen Varegg var raskest til toppen i dag med tida 21,39. Til tross for sleip og våt løype var han berre 18 sekunder bak sin eigen løyperekord på 21,21 frå 2015.
2. plass gjekk til klubbkamerat Erland Eldrup, Varegg 24,09.  Andreas Søfteland frå Opptur tok 3. plass 25,11.
Anita Iversen Lilleskare, Bergen Løpeklubb 27,26 var klart raskest av damen i dag.  2. og 3. plass gjekk til søstrene Emma 30,13 og Anna Hanstveit 30,15, begge frå arrangørklubben Mjøsdalen IL.

Dagens sprekeste familie på toppen. Marie Vrålstad og Øystein Hole tok turen til toppen med 4 eigne born og ein på lån. F.v. Leon E. Eide (kompis), Viljar, Marie, Idun, Veni Malena, Heine Tind og Øystein

 

 

 

Holavatnet Rundt – løp 5 – 02.05.2018

John Ivar Djønne (bilde) var raskest på kveldens løp, tida 11:40 er også 2. beste til hittil i sesongen.
Deretter fulgte Jan Roar Solberg 11,47 og Torbjørn Småland 12,17 i herreklassen.

Men to spreke jenter sneik seg foran 3. mann i mål. Anna og Emma noterte seg begge for ny årsbeste med fine 12,15.  Sjå resultat og deltakerliste.

Totalt tok 130 deltakarar turen rundt Holavatnet i kveld.

Me minner om at 8 deltakinger premieres med deltakerpremie. 
Hugs også på at etter 10 deltakinger vil du verta med i trekning av sykkel gitt av Sport 1 Åsane.  Sykkelen har ein verdi på 2999,- . Sykkelen vert trukket på årets siste løp.

Flott innsats av MIL løparane på BCM 28.04.18

Fine resultat av MIL løparane på dagens BMC, sjå resultat MIL under. Alle resultat her.
Spesielt fine resultat av våre debutanter på halvmaraton Håvard 11:38:47 og 7. pl klasse 18-19  og Signe 2:16:39 klasse 55-59. Maren debuterte på 5- km og fekk 5. plass klasse J 12-13 (og 19. pl. totalt av alle damer). Lillian debuterte også på same distanse med fin 11 pl. klasse 50-54 .
Ny pers på Bjørn Helge 1:33:25 og 11 pl. klasse 55-59, og Magne holder framleis koken på heilmarathon 3:20:24 og 7.pl klasse 50-54. 

Race No Name Distance Category Time # Sex # Category
9694 Jostein Skjerping 5 km M23-34 23:32 65 13
9959 Maren Nordås Øvsthus 5 km K12-13 24:07:00 19 5
9950 Lillian M Kleppe 5 km K50-54 31:30:00 226 11
2731 Harald Eidsheim Halvmarathon M23-34 01:29:08 180 97
2732 Stian Nordås Mjøs Halvmarathon M23-34 01:30:02 203 107
2729 Bjørn Helge Kleppe Halvmarathon M55-59 01:33:25 317 11
2831 Håvard Mandelid Kleppe Halvmarathon M18-19 01:38:47 558 7
2728 Jan Fredrik Gjerstad Halvmarathon M35-39 01:39:18 596 101
4299 Anders Boge Halvmarathon M60-64 01:55:23 1555 29
2730 Randi Nordås Halvmarathon K50-54 01:57:17 434 31
4671 Benedicte Mjøs Halvmarathon K23-34 02:16:10 1114 452
6090 Signe Aarvik Halvmarathon K55-59 02:16:39 1127 41
510 Magne Espelid Marathon M50-54 03:20:24 67 7

Holavatnet Rundt – løp 4 – 25.05.2018

!00 deltok på sesongens 4. løp. Av dei var Martin Kåstad (bilde) raskest med tida 11,45, føre Jan Roar Solberg 12,04 og Øystein Hanstveit 12,11. Ingen jenter på kveldens løp. Litt lågare deltaking enn normalt skyldes nok andre store arrangement denne kvelden, som avslutning på kulturskulen og Gneisttafetten.  Alle resultat

Status i konkurranseklassen etter 4. løp er at  Magnus Gjerstad førebels har årets beste tid 11,36, deretter fyljer Martin Kårstad 11,45 og Stian Mjøs 11,48. På damesida regjerer Anna og Emma Hanstveit på topp, begge med tida 12,21. Me vonar at desse tidene vil verta utfordra utover sesonger,  både på dame og herresida.
Hugs også at det blir deltakerpremie etter 8. løp, og når man har deltatt i 10 løp blir man med på tekning av ein sykkel sponsa av Sport1 Åsane. Trekninga vert foretatt på årets siste løp.

Holavatnet Rundt – løp 3 – 18.04.2018

Totalt 109 personer deltok på sesongens 3. løp. Raskest var Magnus Gjerstad 11,36, Stian Nordås Mjøs 11,48 og Håvard Mandelid 12,04. Dei tre karene var også dei einaste av herrene som var føre Anna og Emma Hanstveit i dag, 14 åringane klokka begge inn til fine 12,21. Tredje jente i mål vart 13 år gamle Maren Nordås Øvsthus 14,01.
Sjå alle resultat og deltakerliste.

Bilde t.v Leon Kallekeiv (13 år) debuterte i konkurranseklassen med fine 13,25
Nokre fleire stemingsbilder frå løpet her

MIL inviterer til Osterøymeisterskap i terrengløp lørdag 21.04.18

Mjøsdalen I.L. innbyr til Osterøymeisterskap i terrengløp på  Hosanger,  Lørdag  kl 16.00

Klassar:     Gutar, jenter, senior og veteran

Starttider: 
kl. 16.00 Jenter 10 år og yngre               300 m
kl. 16.10   Gutar 10 år og yngre             300 m
kl. 16.15   Jenter 11-12 år                        300 m
kl. 16.25   Gutar 11-12 år                         300 m
kl. 16.30   Jenter 13-14 år                         500 m
kl 16.40     Gutar 13-14 år                        500 m
kl. 16.40     Jenter 15-18 år                      500 m
kl 16.40   Gutar 15-18 år                         800 m
kl. 16.50     Kvinner jun., sen., vet.         800 m
kl. 17.00     Menn jun., sen. ,vet.            800 m
kl. 17.10     Menn jun., sen. ,vet.           2400 m

Løype:  Bakkane på Mjøsgardane (ved hovudvegen)
Startkontigent:  
              kr 20,- for gutar og  jenter
              kr 50,- for junior, senior og veteraner
Parkering:  Mjøs Metallvarefabrikk eller ved kyrkja
Kontaktperson: Viktoria Mjelde Hanstveit. Mob 993 36 940

Premiering

Holavatnet Rundt – løp 2 – 11.04.2018

Flott vårvær og 127 deltakere på kveldes løp.
Stian Mjøs raskest 11,50, føre Øystein Hanstveit 12,03 og Håvard M Hanstveit 12,31. Ingen damer til start i dag, men dei tre unge tøffe jentene Ida Malene Tangen, Agnes Neu Bysheim og Mari Tysse Røsland gjennomførte med stil i konkurranseklassen.  Sjå alle resultat her

t.v Stian på NM terrengløp i Haus

5 medaljer i terreng NM til Mjøsdalen IL

Flott arrangement og god stemning i Haus i helga. Birger sikra oss NM gull i klasse 75+, og Tove, Øystein H, Rune og Aksel sikra seg alle bronse i sine veteranklasser.  Sjå resultat for alle MIL løparane samla under.
Meir NM stoff på følgende lenker: Resultat 7. og 8. april og kondis.no
Artikkler i bygdanytt.no; Lokale talenter tråkket til …, og Her ligg norges 5 beste terrengløper. Bygdanytt tydeligvis ikkje har fått med seg at Mjøsdalen IL har delteke på NM, eller er det kanskje det at veteranenes innsats ikkje er så spennande? Dei skulle berre vist 😉 

Plass. Distanse Klasse Tid Fornavn Etternavn F.år Klubb Start nr.
9 2 km g15 7,20 Daniel Hanstveit 2003 Mjøsdalen IL 36
12 2 km g17 8,06 Brage Hanstveit 2001 Mjøsdalen IL 71
7 2 km j17 9,14 Sara Nathalie Dyrkolbotn 2001 Mjøsdalen IL 19
3 2 km KV 3 9,11 Tove Mostrøm 1971 Mjøsdalen IL 237
19 2 km Menn Junior 7,37 Håvard Mandelid Kleppe 2000 Mjøsdalen IL 118
22 3 km Menn Senior 11,44 Stian Mjøs 1991 Mjøsdalen IL 162
4 3 km MV 4 12,58 Magne Espelid 1964 Mjøsdalen IL 269
3 3 km MV 5 11,54 Øystein Hanstveit 1963 Mjøsdalen IL 273
7 3 km MV 5 12,37 Bjørn Helge Kleppe 1962 Mjøsdalen IL 272
3 3 km MV 6 12,56 Rune Gjerstad 1957 Mjøsdalen IL 286
3 3 km MV 7 13,25 Aksel Øvsthus 1953 Mjøsdalen IL 290
4 3 km MV 8 15,39 John Svahn 1944 Mjøsdalen IL 291
1 3 km MV 9 15,56 Birger Normann Hanstveit 1943 Mjøsdalen IL 298