Om MIL

Mjøsdalen I.L. vart oppretta 22.november 1936. Hovudaktivitet har vore friidrett, men i tillegg til løp på bane er våre medlemar aktive på motbakkeløp, mosjonsløp, trialthon og sykkel. Fokus er på aktivitet og sosialt samvær, men saman med kvalitet på treninsøktene vert dette også ei god oppskrift for å lukkast i konkurransesamanheng. Mjøsdalen I.L. har tradisjonelt sett femna om bygdene Hosanger, Fotlandsvåg, Bysheim og Tysse på Osterøy. Men vi har også mange aktivite medlemar frå andre krinsar på Osterøy og ikringligjande kommuner.

Flaggskipet vårt er sumarkarusellen Holavatnet rundt som har vore arrangert kvart år sidan 1983. Karusellen tek til i april og går kvar onsdag i sumarhalvåret fram til september månad. Dvs ca 20 løp i året. Dei siste åra har vi i snitt hatt ca 130 deltakar pr løp. Tradisjonsrike røter har også Tveitafjellet opp som arrangeres i mai, løpet går heilt tilbake til 1971 då som fjelløpet Tveitafjellet Over. Fom 2006 vart løpet eit reint motbakkeløp med målgang på Setnipa, Tveitafjellet . Faste arrangement er også Kossdalssvingane Opp i november og Åsheimveten Opp i september.

 

 

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *