Månedlige arkiver: april 2018

Holavatnet Rundt – løp 2 – 18.04.2018

Totalt 109 personer deltok på sesongens 3. løp. Raskest var Magnus Gjerstad 11,36, Stian Nordås Mjøs 11,48 og Håvard Mandelid 12,04. Desse tre karana var også dei enaste av herrene som var føre Anna og Emma Hanstveit i dag, 14 åringane klokka begge inn til fine 12,21. Tredje jente i mål vart 13 år gamle Maren Nordås Øvsthus 14,01. Sjå alle resultat og deltakerliste.

MIL inviterer til Osterøymeisterskap i terrengløp lørdag 21.04.18

Mjøsdalen I.L. innbyr til Osterøymeisterskap i terrengløp på  Hosanger,  Lørdag  kl 16.00

Klassar:     Gutar, jenter, senior og veteran

Starttider: 
kl. 16.00 Jenter 10 år og yngre               300 m
kl. 16.10   Gutar 10 år og yngre             300 m
kl. 16.15   Jenter 11-12 år                        300 m
kl. 16.25   Gutar 11-12 år                         300 m
kl. 16.30   Jenter 13-14 år                         500 m
kl 16.40     Gutar 13-14 år                        500 m
kl. 16.40     Jenter 15-18 år                      500 m
kl 16.40   Gutar 15-18 år                         800 m
kl. 16.50     Kvinner jun., sen., vet.         800 m
kl. 17.00     Menn jun., sen. ,vet.            800 m
kl. 17.10     Menn jun., sen. ,vet.           2400 m

Løype:  Bakkane på Mjøsgardane (ved hovudvegen)
Startkontigent:  
              kr 20,- for gutar og  jenter
              kr 50,- for junior, senior og veteraner
Parkering:  Mjøs Metallvarefabrikk eller ved kyrkja
Kontaktperson: Viktoria Mjelde Hanstveit. Mob 993 36 940

Premiering

Holavatnet Rundt – løp 2 – 11.04.2018

Flott vårvær og 127 deltakere på kveldes løp.
Stian Mjøs raskest 11,50, føre Øystein Hanstveit 12,03 og Håvard M Hanstveit 12,31. Ingen damer til start i dag, men dei tre unge tøffe jentene Ida Malene Tangen, Agnes Neu Bysheim og Mari Tysse Røsland gjennomførte med stil i konkurranseklassen.  Sjå alle resultat her

t.v Stian på NM terrengløp i Haus

5 medaljer i terreng NM til Mjøsdalen IL

Flott arrangement og god stemning i Haus i helga. Birger sikra oss NM gull i klasse 75+, og Tove, Øystein H, Rune og Aksel sikra seg alle bronse i sine veteranklasser.  Sjå resultat for alle MIL løparane samla under.
Meir NM stoff på følgende lenker: Resultat 7. og 8. april og kondis.no
Artikkler i bygdanytt.no; Lokale talenter tråkket til …, og Her ligg norges 5 beste terrengløper. Bygdanytt tydeligvis ikkje har fått med seg at Mjøsdalen IL har delteke på NM, eller er det kanskje det at veteranenes innsats ikkje er så spennande? Dei skulle berre vist 😉 

Plass. Distanse Klasse Tid Fornavn Etternavn F.år Klubb Start nr.
9 2 km g15 7,20 Daniel Hanstveit 2003 Mjøsdalen IL 36
12 2 km g17 8,06 Brage Hanstveit 2001 Mjøsdalen IL 71
7 2 km j17 9,14 Sara Nathalie Dyrkolbotn 2001 Mjøsdalen IL 19
3 2 km KV 3 9,11 Tove Mostrøm 1971 Mjøsdalen IL 237
19 2 km Menn Junior 7,37 Håvard Mandelid Kleppe 2000 Mjøsdalen IL 118
22 3 km Menn Senior 11,44 Stian Mjøs 1991 Mjøsdalen IL 162
4 3 km MV 4 12,58 Magne Espelid 1964 Mjøsdalen IL 269
3 3 km MV 5 11,54 Øystein Hanstveit 1963 Mjøsdalen IL 273
7 3 km MV 5 12,37 Bjørn Helge Kleppe 1962 Mjøsdalen IL 272
3 3 km MV 6 12,56 Rune Gjerstad 1957 Mjøsdalen IL 286
3 3 km MV 7 13,25 Aksel Øvsthus 1953 Mjøsdalen IL 290
4 3 km MV 8 15,39 John Svahn 1944 Mjøsdalen IL 291
1 3 km MV 9 15,56 Birger Normann Hanstveit 1943 Mjøsdalen IL 298

Holavatnet Rundt – løp 1 – 04.04.2018

75 personer trossa snø og slaps og deltok på årets første Holavatnet Rundt.
Raskest var Daniel Hanstveit 12,59, Anders Mjøs 13,12 og Håvard Kleppe 13,39. Både Daniel og Håvard skal løpe NM terrengløp på lørdag, og tok det nok litt roleg i dag.  For Anders Mjøs var det nok viktigast å vera raskere enn brødrene Sondre Mjøs 14,18 og Magnus Mjøs 14,32. Ingen damer på dagens løp, og ferre løparar enn normalt i konkurranseklassen skyldes nok både dårlig føre og at fleire skal løpe NM i Haus i helga. Dette regner med med vil endre seg allereie fra neste veke.
Resultat og deltakerliste

Bildet under er av brødrene Anders, Sondre og Magnus Mjøs. Sjå fleire bilder frå løpet

  

 

Sesongstart Holavatnet Rundt onsdag 4. april 2018

Me ynskjer løparar og mosjonister hjarteleg velkomne til ein ny sesongstart av Holavatnet Rundt.  Holavatnet Rundt har vært arrangert uavbrutt kvart sumarhalvår sidan 1983, og er soleis inne i sin 36. sesong. 

Det vert i sumar løp kvar onsdag i periodene:
 4. april – 4. juli 2018 og 15. august – 19. september 2018

Start turklasse utan tid:  Fra kl. 18:00 til 19:00
Start konkurranseklasse: Kl. 19:00

Påmelding ved start:
Vaksne kr. 20,-     Born kr. 10,-     Familie kr. 40,- (Familie = foreldre + born i alder 0-16 år)

Løype: 3 ,1 km:  (1,1 km asfalt – 1,8 km grusveg – 0,2 km asfalt)
Start:  Skuleplassen ved Hosanger Montesorieskule, Hosanger, Osterøy

Salg av:  Vaffler, saft, kaffe og is

Premiering:
– 
Kvar onsdag trekkes 2-3 premier på deltakerlodd.
– Deltakerpremie  til alle som har delteke 8. ganger.
   (Kan hentes i bua når 8 løp er gjennomført)
– Alle som har delteke 10 ganger er med i trekninga av ein sykkel på årets siste løp.
– Løyperekord premieres med kr 1.000

Sjå løyperekorder, resultat frå tidlegare år mm.

Bilete under er fra sesongstart 2017