Daglige arkiver: 26.august 2014

Flott løp Hanstveitheia Rundt i Fotlandsvåg sundag 31.august

Fotlandsvåg IL inviterer til aktivitetsdag og løp søndag 31. august på skulepassen i Fotlandsvåg.

Løpet «Heia rundt» er 3,7 km langt og går frå skulen i Fotlandsvåg (asfalt), gjennom Hanstveitheia (grusveg/sti), og tilbake til skulen (asfalt). Dette er eit flott løp / tur og me anbefaler så mange som mogleg å ta turen til Fotlandsvåg.

  • Påmelding ved start:
  • Turklasse start frå 12:00
  • Konkurranseklasse start kl.13.00

Det vert også høve til å ta idrettsmerke på skuleplassen,og ymse aktiviteter for store og små.

 

Ottanosi dualthon 24 august 14

Valter fekk lokka Øystein med seg på dualthon i Hålandsdalen, at det skorta litt på sykkeltreninga fekk berre stå sin prøve. Løypa består av : Sykkelritt 10,5 km 420 høgdemeter + Terrengløp/motbakke 4,0 km 690 høgdemeter. Flott løp i følge dei to, men regnveret på lørdag gjorde det heile litt vått og kaldt.

Resultat konkurranseklasse frå Eikelandsosen
Plass Namn                    Klubb                       Mellomtid/sykkel         Sluttid        Fødselsår

14    Valter Midtsæter    Mjøsdalen IL              28,40                          1,09,35      1962
25     Øystein Øvsthus   Mjøsdalen IL             35,50                          1,22,26      1958

Det var også mogeg å delta kun på fjelltur (utan sykkel). Her vart Anders Boge dagens raskeste mann på tida: 00,40,35

Sjå alle resultat her


Det varAndreas Boge00,40,35

walterOystein

Arkivfoto: Øystein og Walter – Solfjellet juli 14

 

Johannes Bysheim på Aurland Xtreme Trialthon

Johannes tok i år igjen utfordringa med Axtri og symde 1900 m i Aurlandsfjorden, sykla 98 km t/r gamlevegen frå Aurland til Lærdal (3050 høgdemeter), og avsluttet med å løpe 20 km opp Aurlandsdalen. Ved målgang på Østerbø hadde han då forsert 4200 høgdemeter i løpet av dagen.  På dette brukte han 8 timer syv minutter og 18 sekunder, og vart nr. 30 av 75 deltakar i klasse M 30-39. Sjå alle resultat her
josAxtri2013
Arkivfoto: Johannes ved målgang Axtri 2013, då med resultat 7:59:06